Vg2 aktivitør (AKT02‑04)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 aktivitør handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å førebyggje einsemd, og rettleie og motivere brukarar til å vere i aktivitet og ha eit sunt kosthald. Det tverrfaglege temaet handlar òg om å leggje til rette for aktivitetar som medverkar til meistring og innhald i livet.
Demokrati og medborgarskap
I vg2 aktivitør handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å vise respekt for ulikskapar hos brukarane. Vidare handlar det om brukarmedverknad og medbestemming. Det handlar òg om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre og inkluderande arbeidsliv.
Berekraftig utvikling
I vg2 aktivitør handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å gjere miljøbevisste val ved bruk av materiale og andre ressursar. Det handlar òg om korleis forbruk, gjenbruk og aktivitetar påverkar miljøet.