Vg2 aktivitør (AKT02‑04)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Administrasjon: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Kommunikasjon og samhandling: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Yrkesliv i aktivitørfag: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Administrasjon, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i aktivitørfaget: Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Administrasjon: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Kommunikasjon og samhandling: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Yrkesliv i aktivitørfag: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Administrasjon, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i aktivitørfag: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.