vg2 anleggsteknikk (ANL02‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 anleggsteknikk handlar om å byggje, halde ved like og drifte veg, bane, vatn, avløp og annan infrastruktur. Programfaga skal gjere elevane i stand til å velje og bruke maskiner og utstyr, risikovurdere arbeidsprosessar og gjennomføre tiltak som førebyggjer ulykker. Programfaga bidreg til samfunnet gjennom å utvikle elevane sin kompetanse til å byggje ein berekraftig infrastruktur som hindrar miljøskadar og bidreg til å bevare naturressursar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 anleggsteknikk skal bidra til engasjement når elevane byggjer, held ved like og driftar infrastruktur med varige miljø- og energieffektive kvalitetar. Faget fremjar kritisk tenking og etisk medvit gjennom at elevane blir utfordra til å velje berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting og gjenbruk av materiale vil òg bidra til å fremje respekt for naturen og miljøet. Identitet og kulturelt mangfald blir fremja gjennom at elevane får diskutere og reflektere over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap i bygg- og anleggsbransjen.