Asfaltfaget (ASF03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje produksjon, utlegging og vedlikehald av asfaltdekke, arbeide etter teikningar, beskrivingar og preaksepterte løysingar, velje verktøy og materiale og vurdere kostnader, tidsbruk og miljøomsyn i arbeidet
- bruke og halde ved like maskiner og verktøy etter gjeldande regelverk og med omsyn til kvalitet, funksjonalitet, miljø og økonomi
- gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, gjennomføre arbeidet i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og reflektere over konsekvensar av ikkje å følgje krava
- risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
- kjeldesortere, vurdere moglegheita for gjenbruk, handtere spesialavfall og reflektere over konsekvensane av feilhandtering
- utføre arbeidsvarsling i samsvar med gjeldande regelverk og vurdere kva risikofaktorar som kan påverke trafikkavviklinga
- kommunisere med kundar, kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
- lagre og laste tilslagsmateriale til asfaltproduksjon og vurdere faktorar som reduserer kvaliteten på materialet
- produsere ulike typar asfalt med ulike typer energi, gjere greie for produksjonsprosessen frå blanding av steinmateriale og bitumen til ferdig asfalt, og laste opp asfalt
- gjenvinne og handtere asfalt, vurdere moglegheitene for gjenbruk og reflektere over konsekvensane av feilhandtering
- drifte og halde ved like blandeverket med omsyn til ressursutnytting og setje i verk tiltak for å hindre produksjonsstans
- finplanere underlaget etter arbeidsordrar, teikningar og beskrivingar, vurdere fall og gjere greie for korleis kvaliteten på underlaget påverkar sluttresultatet
- lage framdriftsplanar, bestille asfaltprodukt og utstyr og kontrollere kvalitet, volum, areal og vekt i tråd med arbeidsoppdraget
- vurdere reinleiken og fukta på underlaget og klistre og leggje ut asfalt manuelt og maskinelt
- halde ved like og fornye asfaltdekke
- måle dekkedensitet, ta prøvar av asfaltmassar og analysere og dokumentere råvarene og det ferdige produktet
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av støy, vibrasjon, støveksponering og bruk av kjemiske komponentar
- velje ut og bruke verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensar av feilbruk
- utføre grunnleggjande førstehjelp
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i Vg3 asfaltfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i Vg3 asfaltfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.