Asfaltfaget (ASF03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 asfaltfaget handlar om å produsere asfalt , leggje ut asfalt og halde ved like ulike asfaltdekke med omsyn til miljø og kostnadseffektive faktorar. Faget skal gjere lærlingane i stand til å produsere, halde ved like og fornye asfalt. Faget skal òg gjere lærlingane i stand til å velje og bruke maskiner, verktøy og utstyr med omsyn til produksjonskrav, naturressursar og miljø. Faget skal dekkje behovet i samfunnet for asfaltdekke på vegar, flyplassar og annan infrastruktur. Å ta vare på sikkerheita til ein sjølv og andre i arbeidet er òg ein del av faget.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 asfaltfaget skal bidra til engasjement når lærlingane produserer asfalt og held ved like vegar med varige miljø- og energieffektive kvalitetar. Faget fremjar kritisk tenking og etisk medvit gjennom at lærlingane blir utfordra til å velje berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting vil òg bidra til å fremje respekt for naturen og miljøet. Faget skal vidare bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. I tillegg fremjar faget forståing av kva verdi kulturelt mangfald har i bygg- og anleggsbransjen, gjennom at lærlingane deltek i dialog om og reflekterer over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap.