Vg2 bakar og konditor (BAK02‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter råvare, produksjon og kvalitet 

  • planleggje, produsere, dokumentere og vurdere produkt ut frå resept, råvareval, produksjonsmetode og produktbeskriving
  • praktisere personleg hygiene og følgje retningslinjer for næringsmiddel- og produksjonshygiene og reflektere over konsekvensane av å bryte retningslinjene
  • kontrollere råvarekvalitet ved varemottak, vurdere om varene er leverte i samsvar med bestilling, og utføre avviksbehandling
  • bruke verneutstyr, arbeide ergonomisk riktig og reflektere over betydninga av å følgje retningslinjene for eit trygt arbeidsmiljø
  • bruke og halde ved like handverktøy, maskiner og utstyr
  • bruke ulike konserveringsmetodar og gjere greie for samanhengen mellom konservering, haldbarheit og livsvilkåra for mikroorganismar
  • gjere greie for fareanalyse og risikovurdering og forstå samanhengen mellom matborne sjukdommar og trygg mat
  • gjere bevisste val i produksjon og sal av bakar- og konditorvarer og reflektere over om produksjonen er kostnadseffektiv
  • gjere greie for korleis produksjonseigenskapane til råvarene påverkar haldbarheit, konsistens, utsjånad og smak på sluttproduktet
  • gjere greie for bakarens prosent og bruke den til å byggje opp ein resept
  • lage ulike typar brød, småbakst og søtbakst ved bruk av direkte eller indirekte deigføring, gjere greie for deigprosessen og reflektere over korleis dei ulike delane av prosessen påverkar sluttproduktet
  • lage ulike typar laminerte deigar, framstille ulike produkt og gjere greie for kva som skjer i produkta
  • lage ulike produkt av rørte, piska og forvella massar, råmassar og mørdeig og gjere greie for kva som skil dei ulike prosessane
  • lage ulike støypte og lagdelte kaker med og utan overtrekk og dekor, og forskjellige typar fyll, og vurdere kvaliteten etter konsistens, utsjånad og smak på sluttproduktet
  • lage dessertar, konfektar, pynt og dekor og reflektere over korleis valet av råvarer og produksjonsprosess påverkar sluttproduktet
  • produsere, tilpasse og tilrå produkt til ulike grupper i samfunnet og reflektere over samanhengen mellom kosthald og helse

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering