Biologi (BIO01‑02)
Kjerneelement
Praksisar og tenkjemåtar i biologi
Kjerneelementet praksisar og tenkjemåtar i biologi handlar om korleis naturvitskaplege hypotesar, teoriar, metodar og modellar blir utvikla og nytta i faget. Det handlar òg om feltarbeid, arbeid med forsøk og utforskande aktivitetar i biologi, og om behandling av innsamla data. Vidare handlar det om bruk av program, modellar og berekningar for å forstå biologiske prosessar og system. Representasjonsformene, symbola og termane i faget inngår òg i kjerneelementet.
Biologiske system
Kjerneelementet biologiske system handlar om oppbygging av celler, vev og organ og samspelet mellom dei. Det handlar òg om samanhengen mellom anatomien og fysiologien til organismar. Vidare handlar kjerneelementet om økosystema og organismane som lever der, og korleis ytre faktorar påverkar dette samspelet. Biologiske system handlar dessutan om organiseringa av det biologiske mangfaldet.
Biologiske prosessar
Kjerneelementet biologiske prosessar handlar om prosessar i og mellom celler, differensiering av celler til vev og organ og utvikling frå eincella til fleircella organismar. Kjerneelementet handlar òg om genetikken og fysiologien til organismane. Vidare handlar kjerneelementet om evolusjonære prosessar, og om korleis organismar er tilpassa økosystema dei lever i.
Biologi i samfunnet
Kjerneelementet biologi i samfunnet handlar om korleis biologisk kompetanse kan nyttast til å forvalte naturen og naturressursane på ein berekraftig måte. Det handlar òg om utfordringar i samfunnet knytte til helse, miljø og matproduksjon, og om korleis desse utfordringane kan handterast. Vidare handlar kjerneelementet om korleis vi kan styre, regulere og endre prosessar i celler og organismar. Kjerneelementet handlar òg om etiske problemstillingar knytte til bruk av biologisk kompetanse.