Biologi (BIO01‑02)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Biologi 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Biologi 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Biologi 1: Eleven kan trekkjast ut til ein munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Biologi 2: Eleven kan trekkjast ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg eksamen skal ikkje ha førebuingsdel. Munnleg-praktisk eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Biologi 1: Privatisten skal opp til ein munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Biologi 2: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen og ein munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg eksamen skal ikkje ha førebuingsdel. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.