Vg3 blomsterdekoratørfaget (BLD03‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige blomsterarbeid
- utarbeide og vidareutvikle skisser for hand og med digitale ressursar
- nytte analysar, stilform, komposisjonsprinsipp, teknikkar og materiale for å skape eit heilskapleg uttrykk
- utforske stillære og ulike trendar og tilpasse blomsterdekor etter kva behov kunden har
- utforske, utvikle og designe faglege produkt og grunngi val av stilform og uttrykk og knyte det til analysar av rom, anledning og person
- gjere greie for kulturuttrykk i ulike kulturar og religionar og tilpasse dette i blomsterdekor i ulike stilartar
- analysere og tolke ulike oppdrag og gjere estetiske, miljøvennlege og berekraftige faglege val, i tråd med ønska og behova til kunden
- bruke formålstenlege handverksteknikkar og verktøy og grunngi eigne tekniske val knytte til kor haldbare materiala er og stil og uttrykk for produktet
- utforske og eksperimentere med ulike handverksteknikkar, verktøy og materiale og bruke denne kunnskapen som inspirasjon i eige arbeid
- vurdere botanisk materiale i produksjon ut frå eigenskapane og kvaliteten på materialet og grunngi eigne val knytte til ordre og stil og uttrykk for produktet
- nytte overslag og budsjett for å berekne materiale til produkt ut frå tidsbruk, innkjøp og lønnsemd
- vurdere korleis varelager, vareflyt, orden og tidsbruk påverkar økonomien i bedrifta og bruke denne kunnskapen i eige arbeid
- vurdere, bestille og bruke ulike botaniske materiale og støttemateriell i eige arbeid og gjere greie for konsekvensane av ulike val, med utgangspunkt i ein etisk og miljøvennleg produksjon i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv
- nytte teknikkar som bidreg til berekraftig ressursutnytting, og vurdere gjenbruk, avfallshandtering og miljøpåverknad av materiale
- gjere greie for opphav, naturleg sesong og stell for eit breitt utval av botaniske materiale og bruke denne kunnskapen i kommunikasjon med kundar og i praktisk arbeid
- gjere greie for og nytte tiltak mot sjukdommar på stoveplanter
- gjere greie for korleis kulde, varme, støyt og feilvatning skader blomstrar og planter, og vurdere korleis dette kan førebyggjast
- nytte digitale ressursar til idéprosessen, dokumentasjonen og presentasjonen av eige arbeid
- presentere blomsterprodukt ved å nytte vareeksponering og utstillingar
- nytte formålstenlege kommunikasjonsformer og strategiar i møte med kundar, kollegaer, leverandørar og andre samarbeidspartnarar
- rettleie og formidle informasjon om blomsterfaglege produkt og tenester til kundar
- gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 blomsterdekoratørfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 blomsterdekoratørfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingen kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.