Vg3 blomsterdekoratørfaget (BLD03‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 blomsterdekoratørfaget handlar om å lage produkt med allsidig design og uttrykk tilpassa ulike personar, rom og anledning, og å yte service og rettleie kundar om produkt og tenester. Faget handlar òg om korleis blomsterdekoratøren bruker råvarer, materiale, verktøy, teknikkar og kreativitet i produksjon og design med blomstrar. Vidare handlar faget om å vidareføre eit handverk som ofte er knytt til ulike tradisjonar og livshendingar, og som utviklar seg i takt med tida.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 blomsterdekoratørfaget skal bidra til å utvikle identiteten som blomsterdekoratør hos den enkelte. Faget skal òg bidra til å utvikle evne til kritisk tenking, faglege vurderingar og idear ved praktisk arbeid der val og gjennomføring påverkar prosessen og resultatet. Vidare bidreg faget til å utvikle skaparglede, sjølvstende og engasjement gjennom at lærlingane nyttar fagkompetansen til å ta sjølvstendige og berekraftige val undervegs i produksjonsprosessen og til å handtere etiske problemstillingar i samband med kundebehandling. I tillegg skal lærlingane gjennom faget utvikle toleranse i møte med kulturelt mangfald og menneske med ulike behov og i ulike livsfasar. Faget skal dessutan bidra til at lærlingane får kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren, og om kor viktig det er med trepartssamarbeidet, der arbeidsgivarar, arbeidstakarar og styresmakter jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv.