Vg3 blomsterdekoratørfaget (BLD03‑03)
Kjerneelement
Blomsterdekorering
Kjerneelementet blomsterdekorering handlar om å skape blomsterfaglege produkt med allsidig design og uttrykk, og om å kunne skape og tilpasse produkt og tenester ut frå behova til kunden, kulturen og tradisjonane i faget. Det handlar vidare om praktiske ferdigheiter ved bruk av ulike teknikkar og relevante verktøy og om å utføre arbeid i samsvar med gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit. Dette kjerneelementet handlar òg om kunnskap om eit breitt utval av materiale og tekniske løysingar og om å kunne nytte dette i praktisk arbeid. I tillegg handlar det om å eksperimentere med materiale og handverksteknikkar for å skape nye produkt og utvikle faget i tråd med skiftande motar og trendar i samfunnet.
Kommunikasjon og arbeidsliv
Kjerneelementet kommunikasjon og arbeidsliv i Vg3 blomsterdekoratørfaget handlar om å nytte ulike kommunikasjonsformer i samspel med arbeidsgivar, kollegaer, kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar. Det handlar òg om å avdekkje og analysere ønska og forventningane til ein kunde, visualisere idear til kunden og sikre felles forståing av produktet. Vidare handlar det om å bruke og vurdere strategiar for å møte livssituasjonane til kundane og behova, kulturen og tradisjonane deira. I tillegg handlar dette kjerneelementet om å eksponere materiale og produkt og presentere blomsterprodukt i utstilling. Det omfattar marknadsføring i produksjonsprosessane, økonomi og sal. Dette kjerneelementet handlar dessutan om å bruke aktuell teknologi og visuelle verkemiddel til å marknadsføre og formidle blomsterprodukt på ein estetisk måte.
Materialkjennskap
Kjerneelementet materialkjennskap handlar om forståing for dei visuelle og fysiske eigenskapane og den kulturelle betydninga av eit breitt utval av botaniske materiale. Det handlar òg om å eksperimentere med eit utval av planter, snittblomstrar og andre botaniske materiale, og å kjenne til namna, varebehandlinga, opphavet, sesongen, bruksområdet og haldbarheita deira. Det handlar vidare om å bruke tekniske hjelpemiddel i produksjonsprosessar for å oppnå eit estetisk visuelt uttrykk og eit funksjonelt produkt. I tillegg handlar det om kritisk å vurdere kvaliteten på materiala, og å utnytte dei på ein måte som tek vare på både økonomi og miljø.