Vg3 blomsterdekoratørfaget (BLD03‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 blomsterdekoratørfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle identitet og om å gjere ansvarlege val i eige liv og i skapande arbeid. Det handlar òg om å utvikle strategiar for å møte og meistre forventningar frå kundar og eit arbeidsmiljø med tydelege tidsfristar og gitte krav. Vidare handlar folkehelse og livsmeistring om å bli trygg i møte med kundar og andre aktørar i faget, og om å handtere eigne tankar og kjensler som oppstår i møte med kundar i ulike livssituasjonar som treng rettleiing om blomsterfaglege produkt. I tillegg handlar det om refleksjon over korleis ein blir påverka av motar, trendar og visuelle uttrykk.
Berekraftig utvikling
I vg3 blomsterdekoratørfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å nytte kunnskapen om berekraftig ressursforvaltning. Det handlar om etisk refleksjon rundt ressursutnytting, gjenbruk og avfallshandtering av materiale. Vidare handlar det om kritisk å vurdere berekraftig drift og produksjon for å kunne ta etiske og miljømedvitne val ved bruk av botaniske materiale og støttemateriell, og om å forstå konsekvensane av vala i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv.