Vg3 børsemakarfaget (BMF03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 børsemakarfaget inneber å lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber òg å reflektere over faglege emne og problemstillingar og tilpasse munnleg tekst til mottakaren og formålet. Vidare inneber det å uttrykkje seg munnleg om våpentekniske spørsmål og kommunisere om våpen og våpenbruk med kundar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Munnlege ferdigheiter inneber òg å bruke fagspråk og fagterminologi for å ta del i faglege diskusjonar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 børsemakarfaget inneber å utforme fagtekstar tilpassa mottakaren og formålet. Det inneber òg å kommunisere skriftleg med kundar, kollegaer og leverandørar og å planleggje og dokumentere eige arbeid skriftleg som ein del av kvalitetssikringa og som dokumentasjon for kundane.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 børsemakarfaget inneber å finne, forstå, reflektere over og kritisk vurdere ulike fagtekstar. Vidare inneber det å kunne tolke både skriftleg og visuelt fagspråk. Å kunne lese inneber òg å forstå og bruke arbeidsteikningar med teikn og symbol.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 børsemakarfaget inneber å hente ut, beskrive og tolke informasjon frå talmateriale og rekne ut tidsforbruk, kostnader og pris. Det inneber òg å bruke og leggje til rette informasjon for å forstå og vise samanhengar, samanlikne og presentere resultat på ulike måtar. Vidare inneber det å rekne ut masse, fart, anslagsenergi, volum, trykk og styrkeforhold. Det inneber og å rekne ut lengder, mengder og vinklar, og å rekne ut kulebane, flygetid og luftmotstand i den praktiske utøvinga av faget.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 børsemakarfaget inneber å bruke digitale ressursar til å søkje etter og innhente informasjon, kommunisere og presentere eige arbeid knytt til produktutvikling og dokumentasjon av eigen kompetanse. Det inneber òg å bruke digitale ressursar i tilrettelegging, planlegging, utrekning og rapportering.