Vg3 børsemakarfaget (BMF03‑02)
Vurderingsordning
Sluttvurdering
Opplæringa i vg3 børsemakarfaget skal avsluttast med ei sveineprøve. Alle skal opp til sveineprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på minst femten vyrkedagar.
Før sveineprøva må alle ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Før sveineprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, i tillegg ha bestått ein tverrfagleg skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i vg2 børsemakar. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt.