Vg3 dataelektronikarfaget (DAT03‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter installering og drift

  • risikovurdere, planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeidsoppdrag i programfaget installering og drift individuelt og i samarbeid med andre i tråd med gjeldande regelverk, og grunngi dei vala som er gjorde
  • utføre arbeid i programfaget installering og drift nøyaktig, effektivt og estetisk i tråd med gjeldande regelverk, standardar, rettleiingar, teknisk dokumentasjon og aktuelle kvalitetssikrings- og internkontrollsystem, og vurdere kvaliteten på eige arbeid
  • installere, konfigurere og setje i drift informasjons- og kommunikasjonssystem med ulike operativsystem, administrere brukarar, tilgangar og rettar i tråd med definerte behov og automatisere driftsoppgåver og vurdere tiltak for å vareta person- og kommunikasjonssikkerheit
  • konfigurere og setje i drift fysiske og virtuelle segmenterte nettverk i tråd med definerte behov, vurdere informasjonssikkerheita i infrastrukturen til nettverka og setje i verk tiltak for å redusere risiko
  • montere og setje i drift kraftelektronisk utstyr og system for spenningsomforming i informasjons- og kommunikasjonssystem, og gjere greie for oppbygginga og verkemåten
  • installere, programmere og setje i drift trådlause sensor- og kommunikasjonssystem med ulik rekkjevidd og lågt straumforbruk, og beskrive eigenskapane til og bruken av ulike trådlause sensor- og kommunikasjonssystem
  • installere, konfigurere og setje i drift eit nettverksbasert multimediesystem og beskrive bruksområda til ulike typar nettverksbaserte multimediesystem
  • programmere mikrokontrollbaserte system og teste, tilpasse og feilrette programma og beskrive prinsippa for strukturert programmering
  • reflektere over føresetnadene, verdiane og reglane i bedriftsdemokratiet og det organiserte arbeidslivet og over korleis eit regulert arbeidsliv kan bidra til å motverke arbeidslivskriminalitet, diskriminering og forskjellsbehandling
  • drøfte etiske dilemma ved val av elektriske produkt og løysingar og diskutere berekraft og konsekvensar av ressursbruk lokalt, regionalt og globalt
  • dokumentere eige arbeid med elektronisk utstyr, elektroniske installasjonar og infrastruktur, vurdere arbeidsmetodar, faglege løysingar, kvalitet og estetikk i arbeidsoppdrag og foreslå forbetringar og reflektere rundt moglege endringar

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering