Vg3 dataelektronikarfaget (DAT03‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 dataelektronikarfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om betydninga av å oppleve meistring og stoltheit over eige arbeid på elektronisk utstyr, elektroniske installasjonar og infrastruktur som grunnlag for god psykisk helse. Det handlar òg om verdien av å oppleve tilhøyrsel og tryggleik i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid med andre, uavhengig av kjønn og kultur. Vidare handlar det om val av arbeidsmetodar og bruk av verneutstyr for å unngå sjukdom og helsemessige utfordringar.
Demokrati og medborgarskap
I vg3 dataelektronikarfaget handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å delta i bedriftsdemokratiet og utvikle kunnskap om føresetnadene, verdiane og reglane i det organiserte arbeidslivet. Det handlar òg om å utvikle kunnskap om kva pliktar og rettar arbeidstakaren har, og om korleis trepartssamarbeidet er med på å utvikle arbeidslivet. Vidare handlar det om korleis eit regulert arbeidsliv bidreg til å motverke arbeidslivskriminalitet, diskriminering og forskjellsbehandling.
Berekraftig utvikling
I vg3 dataelektronikarfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om kunnskap til å foreta etiske og ansvarlege val av elektriske produkt og løysingar i arbeidsoppdraga. Det handlar vidare om å utvikle kompetanse til å handtere avfall på ein miljøvennleg og berekraftig måte og om kva miljømessige konsekvensar ressursbruken i vg3 dataelektronikarfaget har lokalt, regionalt og globalt. Vidare handlar det om å utvikle kompetanse på reparasjon og gjenbruk og om kva dilemma som kan oppstå ved utbygging og bruk av teknologi og korleis desse kan handterast.