Vg3 dyrefaget (DYR03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 dyrefaget handlar om å drive næring med opplevingar, tenester og produkt knytte til dyr og dyrehald, utanfor tradisjonell landbruksproduksjon. Faget skal førebu lærlingane på å levere kvalitet til oppdragsgivarar og kundar, og gi sikkerheit for dyrevelferd og folkehelse. Faget skal vidare gi samfunnet tilgang på tenester og produkt som dekkjer behov hos alt frå private dyrehald til viktige samfunnsfunksjonar med dyr. Faget skal òg utdanne omstillingsdyktige lærlingar som dekkjer behovet dyrenæringa har for kompetent arbeidskraft, og som møter krav forvaltninga stiller til kompetanse i arbeid med dyr.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 dyrefaget skal bidra til å utvikle engasjerte lærlingar som møter natur, dyr og menneske med respekt, forståing og etisk medvit. Faget skal bidra til å utvikle nysgjerrige lærlingar som ser moglegheiter for samarbeid, verdiskaping og nytenking i dyrefaget. Faget skal òg bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om betydinga av trepartssamarbeidet, der arbeidsgivarar, arbeidstakarar og styresmakter jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv.