Vg3 dyrefaget (DYR03‑01)
Kjerneelement
Dyrevelferd og dyrehelse
Kjerneelementet dyrevelferd og dyrehelse handlar om respekt for dyr, dei individuelle behova og eigenverdien til dyret og om artskunnskap, biologi og åtferd. Det handlar om val som fremjar helse og velferd, førebyggjer helse- og åtferdsproblem og legg til rette for at dyr opplever meistring av eige miljø. Kjerneelementet handlar òg om samspel mellom dyr og menneske, formidling til og rettleiing av ulike målgrupper og samarbeid med ulike aktørar med dyrefagleg kompetanse. Kjerneelementet handlar vidare om samanhengen mellom dyrevelferd og forvaltning, regelverk, folkehelse og behova i næringa.
Dyr i næring
Kjerneelementet dyr i næring handlar om å drive næring som dekkjer behova hos alt frå private dyrehaldarar til viktige samfunnsfunksjonar med dyr. Kjerneelementet handlar òg om opplevingar, tenester og produkt til oppdragsgivarar og kundar med dyr og dyrehald for nytte og trivsel. Det inneber å drifte og halde ved like, å kommunisere, å yte kundeservice, å samarbeide og å ta omsyn til krav og forventningar i dyrenæringane. Vidare handlar kjerneelementet om å tilpasse leveransane til marknaden og om å skape verdiar, utvikling og lønnsemd i dyrenæringane.
Sikkerheit og kvalitet
Kjerneelementet sikkerheit og kvalitet handlar om å ta vare på helsa og sikkerheita til menneske og dyr. Det handlar om rutinar, førstehjelp og førebyggjande arbeid i handtering av levande dyr. Vidare handlar kjerneelementet om å kvalitetssikre verksemda, om smittevern og hygiene og om standardar og regelverk som sikrar kvaliteten på prosessar og produkt. Sikkerheit og kvalitet handlar òg om eiga rolle i eit arbeidsmiljø og om samarbeid med fagpersonar, tilsynsmyndigheiter og forvaltning.