vg1 elektro og datateknologi (ELE01‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg1 elektro og datateknologi inneber å kunne bruke fagterminologi, kommunisere forståeleg, lytte til og vise respekt for den som snakkar. Å kunne delta i diskusjonar om sikkerheit, energiløysingar og faglege løysingar er òg ei av ferdigheitene.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg1 elektro og datateknologi inneber å kunne uttrykkje seg forståeleg om elektrofaglege tema. Det inneber å bruke presist fagspråk for å beskrive val av faglege løysingar og dokumentere faglege aktivitetar. Det betyr at språk, bilete og symbol skal vere fagleg korrekt uttrykte, og tekstane skal vere presise og forståelege for lesaren.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg1 elektro og datateknologi inneber å kunne tileigne seg ny kunnskap og innsikt, finne fram til relevant informasjon og tolke fagtekstar som bidreg til at arbeidet blir utført i tråd med gjeldande regelverk og tilrådingar. Det inneber òg kunnskap om faglege termar og symbol som er aktuelle ved utføringa av ulike arbeidsoppgåver.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg1 elektro og datateknologi inneber å kunne utføre matematiske berekningar på elektriske og elektroniske kretsar og vurdere resultatet opp mot målte verdiar. Det inneber òg å kunne hente informasjon frå tabellar, statistikk og diagram og bruke symbol og prefiks riktig i oppgåveløysing.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg1 elektro og datateknologi inneber å etablere digital kommunikasjon, gjere feilsøking og simulere og programmere ved hjelp av digitale verktøy. Digitale ferdigheiter inneber òg å kunne produsere teikningar og tekniske underlag og å vere kjeldekritisk ved informasjonssøk.