vg1 elektro og datateknologi (ELE01‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg1 elektro og datateknologi handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om gode og trygge arbeidsstillingar og om å meistre krav som blir stilte i arbeidslivet. Det tverrfaglege temaet handlar òg om korleis tekniske løysingar bidreg til eit godt innemiljø, og korleis teknologi kan bidra til livskvaliteten til folk.
Demokrati og medborgarskap
I vg1 elektro og datateknologi handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å kunne samarbeide for å løyse elektrofaglege oppgåver. Det tverrfaglege temaet handlar òg om samarbeid for å utvikle eit organisert og meir likestilt arbeidsliv.
Berekraftig utvikling
I vg1 elektro og datateknologi handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis energiløysingar og teknologi kan bidra til å redusere klima- og miljøbelastningar. Det tverrfaglege temaet handlar òg om forståing for korleis eigne handlingar og val betyr noko for ei berekraftig utvikling.