Vg3 elektroreparatørfaget (ERF03‑02)
Kjerneelement
Elektrisk og gassdrive utstyr
Kjerneelementet elektrisk og gassdrive utstyr handlar om vedlikehald og reparasjon av utstyret med tilhøyrande system for styring og overvaking. Vidare handlar det om korleis elektrisk, mekanisk, kjøleteknisk og gassdrive utstyr blir sett saman for å løyse bestemte oppgåver.
Sikkerheit
Kjerneelementet sikkerheit handlar om lover, forskrifter, normer og produsentrettleiingar som regulerer arbeid på utstyr. Kjerneelementet handlar òg om sikre arbeidsrutinar på elektrisk, mekanisk, kjøleteknisk og gassdrive utstyr. Kjerneelementet handlar dessutan om personsikkerheit og om å hindre skadar på liv, helse og materielle verdiar. Vidare handlar det om tiltak for å vareta personvern og datasikkerheit i utstyr ved drift, sal og avhending.
Fagmessig utføring
Kjerneelementet fagmessig utføring handlar om å utføre arbeidsoppdrag nøyaktig og i samsvar med gjeldande regelverk. Det handlar vidare om at reparasjon og vedlikehald blir utført i samsvar med gjeldande bestemmingar, normer, instruksar og rutinar. Val og bruk av verktøy og materiell for å oppnå ønskt funksjon, sikkerheit og kvalitet inngår òg i kjerneelementet.
Energi og miljø
Kjerneelementet energi og miljø handlar om å optimalisere energiforbruk i elektrisk, mekanisk, kjøleteknisk og gassdrive utstyr. Kjerneelementet handlar vidare om val av produkt og løysingar med omsyn til energibruk og klima- og miljøavtrykk. Å handtere avfall på ein miljøvennleg måte inngår òg i kjerneelementet.