Vg3 elektroreparatørfaget (ERF03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 elektroreparatørfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om kva det betyr for god psykisk helse å oppleve meistring og stoltheit over eige arbeid på elektrisk og gassdrive utstyr. Folkehelse og livsmeistring handlar òg om verdien av å oppleve tilhøyrsel og tryggleik i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid med andre, uavhengig av kjønn og kultur. Det handlar dessutan om val av arbeidsmetodar og bruk av verneutstyr for å unngå sjukdom og helsemessige utfordringar.
Demokrati og medborgarskap
I vg3 elektroreparatørfaget handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å delta i bedriftsdemokratiet og utvikle kunnskap om føresetnader, verdiar og reglar i det organiserte arbeidslivet. Det handlar òg om å utvikle kunnskap om pliktene og rettane til arbeidstakaren og korleis trepartssamarbeidet er med på å utvikle arbeidslivet. Vidare handlar det om korleis eit regulert arbeidsliv bidreg til å motverke arbeidslivskriminalitet, diskriminering og forskjellbehandling.
Berekraftig utvikling
I vg3 elektroreparatørfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å tileigne seg kunnskap for å kunne gjere etiske og ansvarlege val i arbeid med elektriske og gassdrivne apparat og løysingar. Det handlar òg om å utvikle kompetanse til å handtere avfall på ein miljøvennleg og berekraftig måte og handlar om kva miljømessige konsekvensar ressursbruken i elektroreparatørfaget har lokalt, regionalt og globalt. Vidare handlar det om å utvikle kompetanse på energieffektiviserande tiltak og alternative kjelder til energi og kompetanse på kva dilemma som kan oppstå ved utbygging og bruk av teknologi, og korleis desse dilemma kan handterast.