Vg2 fiske og fangst (FFA02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter fartøy og reiskapar
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- fangste med ulike reiskapar og beskrive oppbygginga og verkemåten til reiskapane
- gjennomføre vedlikehald og reparasjon av fiske- og fangstreiskapar
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere seglas ved bruk av sjøkart, farvatnbeskrivingar, sjømerke og navigasjonsmiddel
- hente inn og vurdere meteorologiske observasjonar
- bruke sjøvegsreglar og halde bruvakt i samsvar med godt sjømannskap
- manøvrere og fortøye fartøy under rettleiing
- gjere greie for operasjon av fartøy med omsyn til vêrforhold, straum, tidvatn og åtferda til fisken
- rekne ut stabiliteten til fartøy i ulike lastekondisjonar
- laste og losse fartøy i samsvar med gjeldande regelverk
- handtere avfall og førebyggje skadelege utslepp etter gjeldande regelverk
- bruke sikkerheitsstyringssystem for fiskefartøy etter gjeldande regelverk og gjere greie for kva ISM-koden har å seie for drift og sikkerheit
- gjere greie for hovudfunksjonane og ansvarsfordelinga til bemanninga om bord
- vurdere risiko for arbeidsoperasjonar om bord og utføre arbeidet i tråd med vurderinga
- uføre oppgåver etter sikkerheits- og beredskapsplanen om bord
- velje ut og bruke personleg verneutstyr ved ulike arbeidsoperasjonar om bord
- halde ved like og reparere fartøy og produksjonsutstyr etter vedlikehaldsplanen for fartøyet
- starte, stoppe og utføre rutinemessig vedlikehald av ein motor
- gjere greie for korleis dekksutstyr om bord er bygd opp og fungerer
- gjere greie for innhaldet i ISPS-koden
- bruke maritim radio etter gjeldande regelverk
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget fartøy og reiskapar når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer begge programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget fartøy og reiskapar. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget fartøy og reiskapar ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget fartøy og reiskapar basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.
Eleven må dokumentere gjennomført kurs i grunnleggjande sikkerheitsopplæring i tråd med gjeldande regelverk og krav frå Sjøfartsdirektoratet.