Vg2 fiske og fangst (FFA02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter fangst og kvalitet
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke arbeidsklede og verneutstyr om bord og følgje rutinar for god hygiene
- fangste med omsyn til dyrevelferd, råstoffkvalitet, matvaretryggleik og fangstverdi
- gjennomføre reinhald etter gjeldande reinhaldsplan om bord
- utføre fangsting basert på biologien til dei aktuelle artane
- gjennomføre disseksjon av ulike artar og gjere greie for anatomien og fysiologien til artane
- drøfte økologiske konsekvensar av fiske og næringsverksemd, og fiske i tråd med prinsipp om berekraft
- følgje gjeldande reguleringar for ulike fiskeri
- bruke metodar for seleksjon og fangstavgrensing med ulike reiskapar, og vurdere kva desse metodane har å seie for berekraftig forvaltning
- gjennomføre førstehandsbehandling av råstoff etter gjeldande regelverk
- bruke fangstbehandlingsutstyr om bord og vurdere påverknaden dette har på råstoffkvaliteten
- bruke tilarbeidingsmetodar for ulike artar og vurdere korleis desse påverkar kvaliteten på råstoffet og graden av råstoffutnytting
- bruke kvalitetssikringssystem og følgje standardar om bord
- gjere greie for samanhengen mellom fangstinntekter, kostnader, lott og hyreoppgjer
- gjere greie for organisasjonar og forvaltningsnivå i næringa
- drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget fangst og kvalitet når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer begge programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget fangst og kvalitet. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget fangst og kvalitet ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget fartøy og reiskapar basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.