Vg2 fiske og fangst (FFA02‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 fiske og fangst handlar om å hauste av ressursane i havet. Programfaga skal gi elevane kompetanse i å handtere fartøy, teknisk utstyr, reiskapar og fangst i samsvar med regelverket og kvalitetskrava. Vg2 fiske og fangst skal gi elevane eit grunnlag for å forstå samspelet mellom berekraftig forvaltning, teknologi, økonomi og samfunn. Programfaga skal bidra til å utvikle sjølvstendige og kompetente lærlingar til fiskaryrket.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 fiske og fangst skal bidra til forvaltning av marine ressursar i eit langsiktig og berekraftig perspektiv og bidra til berekraftige kystsamfunn, med vekt på kvalitet og dyrevelferd. Dette krev kritisk tenking og etisk medvit. Programfaga skal gi forståing av fiskerinæringa som grunnlag for tradisjonar og danning av identitet. Vg2 fiske og fangst dannar vidare grunnlag for å utvikle engasjement og skaparglede og for å sjå mogelegheiter, takle utfordringar og bidra til næringsutvikling.