Vg2 fiske og fangst (FFA02‑03)
Kjerneelement
Marine ressursar
Kjerneelementet marine ressursar handlar om biologien til og utbreiinga av ulike artar. Det handlar òg om den økonomiske betydninga av artane og om korleis moderne fiskeriaktivitet påverkar miljøet og ressurstilgangen. Vidare handlar det om korleis fisket blir regulert og ressursane forvalta.
Sikkerheit om bord
Kjerneelementet sikkerheit om bord handlar om å arbeide under varierande vêrforhold, med skiftande arbeidstid og med krav til fleksibilitet og sjølvstende. Vidare handlar det om gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit basert på godt sjømannskap. Det dreier seg òg om krava knytte til sikkerheitsstyringssystem og fartøyinstruks og/eller fartssertifikat. Kjerneelementet handlar vidare om å drøfte regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet, og reflektere over eigen praksis.
Fartøy og fiskereiskap
Kjerneelementet fartøy og fiskereiskapar handlar om å gjennomføre fangstoperasjonar med tilhøyrande utstyr. Vidare handlar det om å klargjere og halde ved like fartøy og reiskapar. Det dreier seg òg om å bruke navigasjons- og fiskeleitingsutstyr, å setje og hale reiskapar og å ha kunnskap om dei ulike rollene om bord.
Fangst, kvalitet og marknad
Kjerneelementet fangst, kvalitet og marknad handlar om behandling og levering av fangst. Vidare dreier det seg om kvalitetskrav til råstoff og sluttprodukt i ulike marknader og om innsatsfaktorar og økonomi knytt til aktuelle fiskeri.