Framandspråk (FSP01‑02)
Tverrfaglege tema
Demokrati og medborgarskap
I framandspråk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane skal øve opp evna til å tenkje kritisk, og at dei skal lære seg å handtere meiningsbrytingar og respektere usemje. Dette kan opne for fleire måtar å tolke verda på, bidra til å skape nysgjerrigheit og engasjement og medverke til å førebyggje fordommar.