Framandspråk (FSP01‑02)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Etter 10. trinn: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Etter vg2/vg3: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Etter 10. trinn: Eleven kan bli trekt ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Etter vg2/vg3: Eleven kan bli trekt ut til skriftleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eleven kan òg bli trekt ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Etter 10. trinn: Sjå gjeldande ordning for grunnskuleopplæring for vaksne.
Etter vg2/vg3: Privatisten skal opp til munnleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Privatisten skal òg opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.