Vg3 ferskvarehandlarfaget (FVF03‑01)
Kjerneelement
Handverksferdigheiter og fagkunnskap
Kjerneelementet handverksferdigheiter og fagkunnskap handlar om val og vurdering av råvarer og tillagingsmetodar og forståing av produksjonseigenskapane og bruksområda til matvarer i kombinasjon med arbeidsteknikkar og ulike handverktøy, maskiner og utstyr. Det handlar òg om bruk av faguttrykk i utforsking og tillaging av produkt, ut frå kva behov kundane har. Kjerneelementet handlar dessutan om utnytting og tilarbeiding av råvarer og ferdigproduserte varer, reduksjon av svinn og økt lønnsemd.
Kundebehandling, sal og berekraft
Kjerneelementet kundebehandling, sal og berekraft handlar om samspelet mellom ferskvarehandlaren og kunden og korleis det kan føre til gode matopplevingar gjennom råd og rettleiing om råvarer, bruksområde, tillaging og måltidsløysingar. Vidare handlar det om å skape seljande og lønnsame butikkmiljø og å sjå samanhengen mellom sameksponering, emballering, vareplassering og meirsal. Det handlar òg om avfallshandtering, resirkulering og førebygging av utslepp til miljøet. Kjerneelementet handlar dessutan om etiske og miljømedvitne val og om utnytting av lokale, regionale og globale ressursar.
Kvalitet og trygg mat
Kjerneelementet kvalitet og trygg mat handlar om personleg hygiene, produksjonshygiene og næringsmiddelhygiene. Det handlar vidare om produksjon og handtering av varer og om å følge kvalitetssystema i verksemda. Kvalitet og trygg mat handlar òg om lover og forskrifter som regulerer produksjon, eksponering og sal av mat og drikke.
Arbeidsliv og yrkesidentitet
Kjerneelementet arbeidsliv og yrkesidentitet handlar om kunnskap om pliktene og rettane i arbeidslivet og betydninga av trepartssamarbeidet. Vidare handlar kjerneelementet om å skape eit psykososialt og fysisk arbeidsmiljø som fremjar helse, miljø og sikkerheit. Kjerneelementet handlar òg om sosial kompetanse og samarbeidsevne, kritisk tenking og respekt for meiningsforskjellar og forståing for korleis dette påverkar arbeidsmiljø og produktivitet. Arbeidsliv og yrkesidentitet handlar dessutan om måla og historia til verksemda og om kva tilhøyrsel ho har i eit yrkesfellesskap som fremjar fagleg utvikling, likeverd og likestilling.