Vg3 hestefaget (HST03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere stell, bruk og hald av hest
- arbeide med hest etter gjeldande regelverk og standardar for dyrehald, og gjere greie for relevante organisasjonar og offentlege forvaltningsorgan
- beskrive forretningsidé, organisering og eige ansvarsområde, og vurdere samanhengen mellom innsatsfaktorar og økonomisk resultat og korleis bedrifta kan utviklast vidare
- utarbeide og bruke system for internkontroll og kvalitetssikring i den daglege drifta av stallen
- avdekkje kva behov kunden har, marknadsføre eit produkt eller ei teneste og yte profesjonell kundebehandling
- beskrive språket, reaksjonsmåtane og instinkta til hesten, handtere han på ein trygg og etisk forsvarleg måte, og reflektere over eige kroppsspråk og stemmebruk
- ta hand om behova hesten har for fridom og flokkliv, og vurdere korleis fôring, stell, utegang og bevegelse kan fremje velferd og helse
- gjennomføre fôring med utgangspunkt i fôranalyse og fôrkvalitet, velje fôr og berekne fôrmengd med tanke på rase, alder og bruksområde
- berekne behov for og reflektere over bruk av ressursar, areal og matjord til hestehald og fôrproduksjon, og drøfte korleis beitebruk påverkar ulike hestar, kulturlandskap og miljø
- beskrive normal utvikling, åtferd, utsjånad og bevegelse for hesten, gjere greie for reproduksjon og vurdere kva ulike hestar er eigna til
- identifisere og førebyggje smerte, mistrivsel, sjukdommar og skadar, og utføre mønstring, enkel sårbehandling og medisinering av hest og vurdere når det er nødvendig å tilkalle veterinær
- bruke fagspråk som er tilpassa mottakaren i kommunikasjon og samarbeid med fagfolk, kundar, kollegaer og andre
- arbeide etter hygieniske prinsipp og vurdere smittefare og setje inn smitteverntiltak
- vurdere risiko knytt til stalldrift, bruk, handtering og transport av hest, og utføre tiltak som tek vare på helse, miljø og sikkerheit for dyr og menneske
- drive tilsyn, utføre enkelt vedlikehald og vurdere utforminga av bygningar, innreiingar og anlegg for hest
- velje, tilpasse, bruke og halde ved like utstyr og reiskapar ut frå bruksområde og behov
- bruke hest på ein allsidig måte og etter eit oppsett treningsprogram, vurdere korleis trening påverkar hesten, og velje øvingar og treningsmetodar ut frå nivået og alderen til hesten
- handtere hestar i ulike aldre og i ulike situasjonar og gjere greie for faktorar som kan påverke åtferda til hestar
- skifte broddar, trekkje til saum og ta av sko, og vurdere behovet for verking og skoning ut fra bruksområdet til hesten
- respektere og vise omsyn til menneske og miljø og opptre varsamt ved bruk av hest i utmark, trafikk og nærområda til stallen, og drøfte korleis stallen som arena kan være ein samlingspunkt for ulike menneske
- gjere greie for dei særnorske hesterasane og betydninga deira for kulturarv, og drøfte kva rolle hesten har og har hatt i samfunnet og for folkehelsa
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 hestefaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 hestefaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingen kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.