Vg3 hestefaget (HST03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 hestefaget handlar om hesten som ressurs i næring, sport og fritid. Faget skal gi lærlingane kompetanse i hald og bruk av hest, og drift av hesteverksemd. Vidare skal faget bidra til samspelet mellom samfunnet og hestenæringa, og til kunnskap om kva rolle hesten har for folkehelse, kultur, natur og miljø. Faget skal òg bidra til at hestenæringa har tilgang til sjølvstendige og omstillingsdyktige hestefagarbeidarar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 hestefaget skal bidra til kunnskapsbasert praksis og verdiskapande verksemd basert på kritisk tenking. Faget skal òg bidra til refleksjon og etisk medvit, som er ein føresetnad for å kunne balansere ulike behov opp mot kvarandre. Hestevelferd og sikkerheitstankegang er òg grunnleggjande verdiar i vg3 hestefaget. Vidare skal faget bidra til at lærlingane får kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren, og om trepartssamarbeidet, der arbeidsgivarar, arbeidstakarar og myndigheiter jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv.