Vg3 hestefaget (HST03‑02)
Kjerneelement
Hestevelferd
Kjerneelementet hestevelferd handlar om hald og bruk av hest på ein slik måte at det fremjar hestevelferd og hestehelse. Det handlar òg om stell og handtering, og å kjenne att og førebyggje helse- og åtferdsproblem. Det handlar vidare om kunnskapar om hesten sin natur, anatomi, fysiologi, fôring, sjukdommar og skadar. I tillegg handlar det om å reflektere over og respektere behova og eigenverdien til hesten.
Stalldrift og næringsverksemd
Kjerneelementet stalldrift og næringsverksemd handlar om å ha ansvar for og bruke hest i næringsverksemd, og om å drifte stall og anlegg. Det handlar òg om stallarbeid og bruk av reiskapar og verktøy som er vanlege i næringa. Vidare handlar det om korleis hald og bruk av hest påverkar menneske, samfunn og miljø, og korleis det ytre miljøet påverkar hesteaktiviteten. Kjerneelementet handlar òg om kundeservice og kommunikasjon med myndigheiter, oppdragsgivarar, kundar, kollegaer og nærmiljø. Dessutan handlar det om grunnleggjande økonomi, marknadsføring og næringsutvikling.
Sikkerheit og kvalitet
Kjerneelementet sikkerheit og kvalitet handlar om å utføre arbeid med hest i samsvar med gjeldande regelverk og på ein måte som tek vare på sikkerheita til ein sjølv, andre og hesten. Det handlar òg om kvalitetssikring av verksemda og å vurdere risiko i det daglege arbeidet. Vidare handlar det om samarbeid med andre yrkesgrupper og å lese og forstå språket og åtferda til hesten. I tillegg handlar det om rutinar og ansvar i arbeidet, og om å følgje utviklinga på fagområdet.