Vg3 innhaldsproduksjonsfaget (IHP03‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre og publisere ulike innhaldsproduksjonar
- forstå behovet til oppdragsgivaren og kva bodskap som skal formidlast
- gjere greie for metodar for å tileigne seg brukarinnsikt og nytte metodar for brukarinnsikt på aktuelle målgrupper
- beskrive og bruke metodar for idéutvikling
- bruke ulike sjangrar og format for å formidle ein bodskap
- utvikle og leggje fram ein pitch for eit prosjekt
- kartleggje ressursbehov og lage produksjonsplan og budsjett for eit prosjekt
- gjennomføre opptak med foto, film eller lyd tilpassa rammevilkåra i eit prosjekt
- velje og bruke verktøy, programvare og teknisk utstyr tilpassa eit prosjekt
- bruke komposisjon, ulike typar lyssetjing og digitalt etterarbeid som verkemiddel for å framheve form, struktur, farge og bodskap i visuelle produksjonar
- bruke programvare for etterarbeid og eksportering av eit ferdig produkt og vurdere val av format og filtypar
- gjere greie for korleis personalisering og algoritmar styrer distribusjon av digitalt innhald
- planleggje ein marknadsførings- og publiseringsstrategi og vurdere val av plattform for publisering av eit ferdig produkt
- bruke gjeldande regelverk, lovverk og retningslinjer for etikk, opphavsrett, produksjon, publisering og oppbevaring av medieprodukt i eige arbeid
- reflektere over og evaluere resultat og erfaringar knytte til eige bidrag i produksjonar
- reflektere over og beskrive eiga rolle i team og i verksemda
- reflektere over og beskrive korleis ulike innhaldsproduksjonar kan påverke samfunnsdebatten og demokratiet
- ferdigstille eit produkt for publisering i tråd med prinsipp for universell utforming
- gjere greie for kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i lærebedrifta
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 innhaldsproduksjonsfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 innhaldsproduksjonsfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.