Vg3 innhaldsproduksjonsfaget (IHP03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 innhaldsproduksjonsfaget handlar om å kommunisere og utforme innhald i ein digital kvardag og i eit digitalt samfunn der teknologi skaper nye måtar å kommunisere og samhandle på. Faget førebur lærlingane på å forstå den rolla media speler i eit samfunnsperspektiv. Det førebur dei òg på å jobbe i fellesskap for å fullføre prosjekt og på å gjennomføre oppdrag i ein profesjonell arbeidsmarknad med høge krav til brukar- og produksjonskompetanse.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 innhaldsproduksjonsfaget skal bidra til at lærlingane kan utvikle kreativitet og skapartrong og gjere medvitne val som produsentar og forbrukarar av medium. Gjennom at lærlingane får høve til å arbeide med ulike innhaldsproduksjonar, skal faget bidra til at dei får kunnskap om etikk og gjeldande regelverk. Faget skal bidra til at lærlingane får erfaring med å handtere komplekse utfordringar gjennom å utforske, reflektere og diskutere.