Vg3 industritekstilfaget (ITF03‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg3 industritekstilfaget med fordjuping i trikotasje
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- gjere greie for og nytte historia til faget i utvikling av tekstilprodukt og forklare dei ulike produksjonsprosessane innanfor industritekstilfaget
- beskrive bruksområda og eigenskapane til ulike materiale, og vurdere og velje materiale til produksjon
- gjere greie for styring av produksjon og bruke maskiner og utstyr til produksjon av industritekstilar
- utføre regelmessig vedlikehald og vurdere behov for teknisk assistanse
- vurdere behovet for og utføre kontroll av råvarer og produkt, identifisere avvik og utføre korrigerande tiltak
- dokumentere og rapportere om kvalitet undervegs i produksjonen og på ferdig produkt
- drøfte faglege utfordringar på tvers av fagområda innanfor industritekstilfaget
- utføre produksjon, vedlikehald, kvalitetskontroll og dokumentasjon i samsvar med instruksjonar, sikkerheitsdatablad og reglar for helse, miljø og sikkerheit
- bruke sikkerheitsdatablad og handtere kjemikaliar og avfall etter gjeldande regelverk
- drøfte mogleg ombruk og utnytting av overskotsmateriale i ein sirkulær produksjon
- planleggje og berekne materialbehov for produksjon av ein ordre
- velje, plukke og kontrollere garn for framstilling av ein ordre ut frå produksjonsspesifikasjon
- beskrive og teikne dei ulike grunnbindingane for strikk
- beskrive dei ulike maskindelane og dei ulike maskebyggjande elementa på ei strikkemaskin
- gjere greie for ulike maskintypar og velje riktig maskin til produksjon
- utføre mønsterskifte på strikkemaskin ut frå mønster, tettleik og fargeval i produksjonen
- gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som er stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 industritekstilfaget, trikotasje når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 industritekstilfaget, trikotasje. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.