Vg3 industritekstilfaget (ITF03‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 industritekstilfaget inneber å kunne lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber òg å kunne bruke fagterminologi og å forstå uttrykksmåtar og kunne drøfte og reflektere over faglege emne og problemstillingar. Vidare inneber det å kunne kommunisere og tilpasse munnleg tekst til mottakaren og formålet.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 industritekstilfaget inneber å kunne bruke fagspråk til å utforme tekstar tilpassa mottakaren og formålet. Det inneber òg å kunne reflektere over faglege emne og problemstillingar, byggje opp argumentasjon og bruke faglege kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve. Vidare inneber det å kunne utarbeide rapportar og sluttdokumentasjon på planlagt og utført arbeid.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 industritekstilfaget inneber å kunne finne og vurdere informasjon i tekstar, arbeidsbeskrivingar og prosedyrar. Det inneber òg å kunne samanlikne, tolke og systematisere informasjon og illustrasjonar og å vise kjeldekritikk
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 industritekstilfaget inneber å kunne hente ut, beskrive og tolke informasjon frå talmateriale. Det inneber òg å kunne bruke og leggje til rette informasjon for å forstå og vise samanhengar og å kunne utføre avlesingar og innstillingar og korrigere maskiner og utstyr. Vidare inneber det å kunne utføre utrekningar knytte til materialval, forbruk og tidsbruk
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 industritekstilfaget inneber å kunne bruke digitale ressursar til planlegging, samhandling, kommunikasjon, produksjon og dokumentasjon av oppgåver. Det inneber vidare å kunne overvake og styre produksjonsprosessar. Det inneber òg å utvikle etisk medvit og vise digital dømmekraft ved å følgje normer og reglar