Vg2 informasjonsteknologi (ITK02‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter driftsstøtte
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og beskrive komponentar i ein driftsarkitektur
- planleggje, implementere og drifte fysiske og virtuelle løysingar med segmenterte nettverk
- gjere greie for prinsipp og strukturar for skytenester og virtuelle tenester
- administrere brukarar, tilgangar og rettar i relevante system
- utforske og beskrive relevante nettverksprotokollar, nettverkstenester og serverroller
- planleggje og dokumentere arbeidsprosessar og IT-løysingar
- utforske truslar mot datasikkerheit og gjere greie for dagens trusselbilete og korleis truslane kan påverke ein open samfunnsdebatt og tilliten til demokratiet
- gjennomføre risikoanalyse av nettverk og tenester i systema til ei verksemd og foreslå tiltak for å redusere risikoen
- forenkle og automatisere arbeidsprosessar i utvikling av IT-løysingar
- planleggje, drifte og implementere IT-løysingar som varetek informasjonssikkerheit og gjeldande regelverk for personvern
- reflektere over og beskrive korleis brot på personvernet kan påverke enkeltmenneske, verksemder og samfunn
- utforske miljøavtrykket frå dataindustrien og vurdere tiltak for å sikre berekraftige val i IT-løysingar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget driftsstøtte når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget driftsstøtte. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget driftsstøtte ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget driftsstøtte basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.