Vg3 chassispåbyggjarfaget (KAR03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- gjere greie for ulik plassering av understellsnummeret på køyretøyet, forstå krav til det og forklare kva informasjon ein kan lese ut av det
- velje og nytte materiale i samsvar med konstruksjonsteikningar og innverknaden ulike materiale har på kvarandre
- produsere, tilpasse, demontere og montere chassiskomponentar, innreiing og utstyr etter konstruksjons- og arbeidsteikningar og etter regelverk og produsentkrav
- stille inn, betene og halde ved like utstyr, maskiner og apparat som blir nytta i arbeidet
- reflektere over korleis varmebehandling påverkar struktur i materiale og metall, og gjennomføre varme arbeid og samanføyingar
- velje og utføre tiltak for å unngå korrosjon og oksidasjon på overflater og i holrom
- reflektere over krav til styrke i konstruksjonen og korleis arbeidet påverkar styrken og sikkerheita
- utføre nyinstallasjon og utskifting av vindauge i køyretøy
- montere sikkerheitsutstyr etter krav frå produsentar og lovverk
- utføre sikring av komponentar ved sveise- og varmearbeid på chassis, og vurdere moglege skadar
- reflektere over behovet for og følgje sikkerheitsrutinar ved arbeid på køyretøy drivne av ulike energikjelder
- montere elektronisk utstyr og bruke måleutstyr for funksjonskontroll
- handtere kjemikaliar og spesialavfall i tråd med lover og forskrifter
- registrere avvik og dokumentere arbeid etter framdriftsplanen til bedrifta
- rettleie kunden om ønskte tilpassingar og endringar i køyretøy, chassis og påbygg i samsvar med regelverk og tilvisingar frå produsenten
- samarbeide med andre for å utvikle løysningar som tek vare på kundebehov og regelverk
- vurdere og velje produkt og komponent med tanke på økonomi, miljø og etikk
- gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som er stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 chassispåbyggjarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 chassispåbyggjarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingen kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.