Vg3 chassispåbyggjarfaget (KAR03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 chassispåbyggjarfaget handlar om å spesialtilpasse køyretøy for transport av menneske, dyr, varer og gods. Faget skal medverke til at lærlingane utviklar kompetanse innanfor påbygg, reparasjonar, produkt- og materialval. Faget handlar òg om løysingar som sikrar levealderen og kvaliteten til køyretøyet og utstyret, og om å tilpasse dei til bruksområde innanfor dei behova samfunnet har for transport. Faget skal bidra til at arbeidslivet får fagarbeidarar som med fagkompetanse og kreativitet finn gode, tilpassa løysingar for kundar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 chassispåbyggjarfaget bidreg til å utvikle kritisk tenking og gjensidig respekt når lærlingane erfarer at samarbeid med andre og val av metodar for reparasjon og ombygging av karosseriet påverkar kvaliteten og sikkerheita til køyretøy. Gjennom å gi lærlingane høve til å reflektere over korleis arbeidet med ombygging og reparasjon kan påverke miljø og sosiale forhold, vil faget fremje det etiske medvitet deira. Utforskartrong og skaparglede blir utvikla gjennom praktisk og teoretisk tilnærming til ombygging, tilrettelegging og utbetring av køyretøy.