Kunst og visuelle verkemiddel (KDA01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter kunst og visuelle verkemiddel 2
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføre og dokumentere ein kunstnarisk prosess og grunngje eigne tankar, idear og val
- bruke stilisering, utsnitt, positive og negative former og utvikle sine eigne digitale komposisjonar
- bruke kunnskap om form, proporsjonar og uttrykk i teikning av objekt og menneskekroppen
- bruke ulike teknikkar i arbeid med harde, plastiske og mjuke materiale og vurdere kvalitet i sitt eige arbeid
- reflektere over og vurdere haldbarheit, kvalitet og konsekvensar for miljøet i val og bruk av materiale, reiskapar og teknikkar
- bruke kunnskap om visuelle verkemiddel for å synleggjere innhald og vurdere ein verknad eller tyding i digitalt og analogt arbeid
- kjenne til grunnleggjande kommunikasjonsteori og gjere greie for samanheng mellom avsendar, bodskap og betraktar
- prøve ut ulike måtar å presentere og stille ut kunstnariske arbeid på, åleine og saman med andre
- utforske kunstverk frå samiske kunstnarar og drøfte korleis samisk identitet kjem til uttrykk i verka
- gjere greie for ulike epokar, sentrale kunstverk og kunstnarar frå 1600- til 1900-talet som referanse i sitt eige arbeid
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i kunst og visuelle verkemiddel 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom skapande, praktiske prosesser utviklar og formidlar visuelle uttrykk. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei bruker fagspråk, presenterer, reflekterer over, vurderer og utforskar uttrykk, meining, teknikkar og materiale. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei arbeider med og ser samanhengen mellom innhald, uttrykk og kontekst i kunst, medium og visuelle uttrykk. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei viser til historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle referansar i eige arbeid og ved bruk av visuelle verkemiddel.
Læraren skal legge til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte, oppgåver som fremmer kreativitet, individuelt særpreg og skaparglede. Læraren skal være i dialog med elevane om deira utvikling i kunst og visuelle verkemiddel, og elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innan eit spekter av oppgåver relatert til kunstfeltet og bruk av visuelle verkemiddel.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter kunst og visuelle verkemiddel 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som omfattar forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i kunst og visuelle verkemiddel 2 basert på kompetansen eleven har vist gjennom praktisk skapande arbeid med innhald, materiale og visuelle verkemiddel, og gjennom vurdering av uttrykk, verknad og bodskap.