Kunst og skapande arbeid (KDA03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Kunst og skapande arbeid handlar om å kunne fordjupe seg i samtidig kunst, medium og visuelle uttrykk. Faget gir elevane tilgang til det mangfaldet av uttrykksformer som finst i kunsten, og kan bidra til eigenutvikling gjennom kunstnarleg aktivitet. Aktivitetar i faget kan bidra til forståing av korleis kunst kan vekke kjensler, skape undring og kommentere samfunnet på ulike måtar. Kunst og skapande arbeid gir elevane høve til å utvikle førestillingsevna og kreative løysingsstrategiar som førebur dei på deltaking i kultur, samfunn og arbeidsliv.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kunst og skapande arbeid skal bidra til å stimulere til utforsking, eksperimentering og skaparglede. Gjennom at elevane arbeider med faget åleine og saman med andre, kan medvitet deira om eigen identitet og eigne inntrykk stimulerast. Kjennskap til og medvit om samfunnsengasjementet og uttrykksformer i kunsten kan inspirere elevane til refleksjon, kritisk tenking og demokratisk medverknad. Faget skal òg bidra til at elevane får innsikt i kulturuttrykka til det samiske urfolket. Opplæringa legg vekt på kunnskap om ulike uttrykksmåtar og kan skape forståing og respekt for den rolla kunsten og kunstnaren har i samtida. Gjennom analoge og digitale plattformer kan kunstuttrykk enkelt delast, og det krev god kjennskap til reglar for opphavsrett og personvern.