Kunst og skapande arbeid (KDA03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i kunst og skapande arbeid inneber å kunne presentere eigne idear og argumentere for eigne val. Det inneber òg å bruke fagomgrep i samtalar og diskusjonar om eige og andre sitt arbeid.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i kunst og skapande arbeid inneber å bruke tekst, teikn, symbol og visuelt språk i dokumentasjon av prosessar og formidling av bodskapar tilpassa formål og mottakar.
Å kunne lese
Å kunne lese i kunst og skapande arbeid inneber å forstå, undersøkje, bruke og reflektere over tekst og visuell informasjon. Det inneber òg å lese eit visuelt språk, som kan opne for større forståing og bidra til at eleven kan gjere kritiske vurderingar og trekkje eigne slutningar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i kunst og skapande arbeid inneber å oppfatte og berekne form, volum og proporsjonar i kunstnariske arbeid. Å kunne rekne inneber òg å beherske format, storleikar og måleiningar. Vidare inneber det å arbeide med oppløysing og filstorleikar i arbeid med digitale filer.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i kunst og skapande arbeid inneber å kunne bruke digitale verktøy og ressursar til kunstnarisk arbeid, presentasjonar og dokumentasjon. Det inneber òg å hente inn og sortere informasjon og handtere ein brukar- og delingskultur i digitale og sosiale medium på ein etisk og reflektert måte. Vidare inneber det å følgje reglar for opphavsrett og personvern.