Foto og grafikk (KDA06‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål Foto og grafikk 1

  • eksperimentere analogt og digitalt med biletmediet i ulike verktøy, og reflektere over resultatet
  • gjere greie for bruk av visuelle verkemiddel i arbeid med foto og grafikk og bruke det i eige uttrykk
  • utforske ulike stilretningar og etniske kulturuttrykk, og bruke dette som inspirasjon for eige arbeid
  • utforske korleis ulike kamerainnstillingar påverkar estetikken, og nytte dei som verkemiddel i visuell historieforteljing
  • presentere og montere eigne og andre sine arbeid i fysiske og digitale utstillingsrom
  • bruke ny og etablert teknologi og programvare i skapande prosessar
  • utforske ulike biletsjangrar og bruke erfaringa til å kommunisere stemning, bodskap og meining
  • analysere komposisjon, skrift og layout i visuelle ytringar, og bruke dette i planlegging og utvikling av eige arbeid
  • reflektere over reglar for kjeldebruk, opphavsrett og kreditering, og følgje desse i eige arbeid
  • bruke materiale, verktøy og utstyr i tråd med retningslinjer for helse, miljø og sikkerheit

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering