Foto og grafikk (KDA06‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Foto og grafikk handlar om å utforske teknikkar, materiale og uttrykk i visuell kommunikasjon, og om korleis du tolkar og les den visuelle verda. Faget handlar vidare om å formidle innhald og meining gjennom fotografi, grafisk design og grafiske trykkjeteknikkar, og det skal gi elevane kompetanse til å produsere og tolke visuelle uttrykk i eit samfunn dominert av bilete. Vidare gir faget elevane kompetanse og erfaring i å arbeide utforskande og planmessig med både materiale og konsept for å bidra til idéskapande og kreative løysingar i samfunn og arbeidsliv.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Foto og grafikk skal bidra til å fremje menneskeverd og forståing for andre sine perspektiv og livssyn, og inspirere elevane til fagleg fridom og eigne uttrykk. Visuelle ytringar og biletretorikk er ein vesentleg del av demokrati og medverknad, og medvit om desse mekanismane er ein del av faget. Kreative og kunstnarlege arbeidsprosessar kan bidra til kritisk refleksjon og biletsensitivitet, skaparglede og engasjement gjennom utforsking av tema kring natur- og miljømedvit.