Foto og grafikk (KDA06‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i foto og grafikk inneber å lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber òg å bruke fagspråk i arbeid i verkstad og studio, og å bruke fagomgrep i samtalar, presentasjonar og diskusjonar om eige og andre sine arbeid
Å kunne skrive
Å kunne skrive i foto og grafikk inneber å bruke fagspråk for å utforme arbeid tilpassa mottakar og formål. Det inneber òg å bruke skrift, teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Vidare inneber det å utarbeide faglege tekstar for presentasjonar, og å bruke kjelder på ein kritisk måte.
Å kunne lese
Å kunne lese i foto og grafikk inneber å tolke og reflektere over innhald, bodskap og verkemiddel i visuelle uttrykk. Det handlar òg om å sjå samanhengar mellom idé og uttrykk.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i foto og grafikk inneber å tolke informasjon frå talmateriale, og å berekne proporsjonar og format i eigne arbeid, både under planlegging, arbeidsprosess og presentasjon.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i foto og grafikk inneber å bruke digitale ressursar til å søkje etter, innhente og behandle biletuttrykk, og å skape ulike visuelle uttrykk gjennom digitale flater og verktøy. Det handlar òg om å vere medviten om reglar for opphavsrett og personvern i ein brukar- og delingskultur i digitale og sosiale medium.