Foto og grafikk (KDA06‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I foto og grafikk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å undersøkje identitet og eksistens i den kvardagen ein er ein del av. Vidare handlar det om å arbeide med å uttrykkje eigen identitet og utvikle meiningar, idear og kjensler. Det handlar òg om å problematisere den posisjonen bilete har i det private og det offentlege.
Demokrati og medborgarskap
I foto og grafikk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om kunnskap om ytringsfridom og om korleis bilete på eiga hand eller saman med tekst kan bidra til å fremje, problematisere og påverke aktuelle tema i samtida. Vidare inneber det å navigere blant ulike uttrykksformer og respektere usemje, der biletuttrykk er éin måte å sjå og forstå verda på.
Berekraftig utvikling
I foto og grafikk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om utforsking av og auka forståing av miljø- og samfunnsmessige problemstillingar gjennom visuelle ytringar. Det handlar òg om å være medviten om ressursbruk i eigen produksjon, og om å vurdere materiale, teknikkar og løysingar som ikkje skader miljøet.