Vg3 økologisk landbruk (LBR06‑02)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I vg3 økologisk landbruk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at drifta i størst mogleg grad skal baserast på fornybare ressursar og innsatsmiddel som ikkje skadar livsmiljøet. Berekraftig utvikling handlar òg om å ha ei føre-var-haldning i alle delar av drifta. Vidare handlar berekraftig utvikling om kunnskapsutvikling når det gjeld å forvalte ressursgrunnlaget for kommande generasjonar. Temaet omfattar både dei økologiske, dei økonomiske og dei sosiale sidene av landbruksproduksjon i eit lokalt og eit globalt perspektiv. Det handlar om å tryggje produksjonsgrunnlaget og sikre rettferdig fordeling av maten til verdas befolkning.