Kulturarv (LKA01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke ferdigheiter, teknikkar, reiskapar og verktøy for å utøve ulike handverk og tradisjonar
- drøfte korleis ein ved å bruke, formidle og vidareutvikle kulturarv på ein berekraftig måte kan ta vare på han for framtida
- utforske og formidle korleis materiell og immateriell kulturarv utviklar seg i samspel med, og er ein del av, eit moderne, mangfaldig samfunn
- beskrive korleis kulturarv kan vere ein identitetsmarkør, og reflektere over korleis dette kan komme til uttrykk i ulike grupper i samfunnet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i valfaget kulturarv ved å bruke ulike teknikkar, reiskapar, verktøy og ferdigheiter for å utøve ulike handverk og tradisjonar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei formidlar vidare eigen kunnskap om kulturarv, når dei reflekterer rundt og utforskar ulike sider ved og delar av kulturarv, og når dei ser kulturvern i eit berekraftperspektiv.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte aktivitetar som elevane gjer åleine og saman med andre, og gjennom at dei får vurdere eige arbeid. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i faget. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å formidle korleis ein kan ta vare på og vidareutvikle ein mangfaldig kulturarv og arbeide praktisk med ulike tradisjonar og handverk.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i valfaget kulturarv ved avslutninga av opplæringa. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i valfaget kulturarv basert på kompetansen eleven har vist gjennom å arbeide praktisk med tradisjonar og handverk og gjennom å formidle korleis ein kan verne om og vidareutvikle ei mangfaldig kulturarv.