Kulturarv (LKA01‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Kulturarv handlar om å få erfaring med og innsikt i ulike tradisjonar og handverk. Faget skal vidare gi elevane innsyn i ulike sider ved og delar av kulturarv. Faget skal òg stimulere elevane til ta vare på kulturarv, gamle handverk og tradisjonar slik at desse kan leve vidare i framtida, òg som aktive yrke. I eit samfunnsperspektiv skal faget bidra til å gi kjennskap til og toleranse for både minoritets- og majoritetskulturar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Valfaget kulturarv skal bidra til at elevane får utfalde skaparglede, utforskartrong og engasjement ved at dei får utøve ulike handverk og tradisjonar. Faget tek utgangspunkt i at vi lever i eit fleirkulturelt og mangfaldig samfunn, og kulturomgrepet femnar om både materiell og immateriell kultur. Faget skal vidare bidra til at elevane kan få større toleranse for mangfald ved at dei får auka forståing av både sin eigen og andre sin kultur. For å utvikle evna deira til å tenkje kritisk, og handle etisk og miljøbevisst, vektlegg faget berekraftig bruk av kulturarv. Faget skal òg bidra til å gjere elevane til aktive kulturberarar.
Valfaga hentar innhald frå andre fag i grunnskolen.