Matematikk 1–10 (MAT01‑05)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 5. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og forklare samanhengar mellom brøkar, desimaltal og prosent og bruke det i hovudrekning
- beskrive brøk som del av ein heil, som del av ei mengd og som tal på tallinja og vurdere og namngi storleikane
- representere brøkar på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
- utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med positive tal og brøk og forklare tenkjemåtane sine
- formulere og løyse problem frå eigen kvardag som har med brøk å gjere
- diskutere tilfeldigheit og sannsyn i spel og praktiske situasjonar og knyte det til brøk
- løyse likningar og ulikskapar gjennom logiske resonnement og forklare kva det vil seie at eit tal er ei løysing på ei likning
- lage og løyse oppgåver i rekneark som omhandlar personleg økonomi
- formulere og løyse problem frå eigen kvardag som har med tid å gjere
- lage og programmere algoritmar med bruk av variablar, vilkår og lykkjer
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget på 5. trinn når dei utforskar og reflekterer over ulike matematiske omgrep, representasjonar og strategiar i arbeid med brøk og uformell løysing av likningar og ulikskapar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker kunnskap og ferdigheiter til å formulere og løyse problem som er knytte til kvardagen og samfunnet. Vidare viser og utviklar dei kompetanse i matematikk når dei resonnerer over og argumenterer for løysingar og matematiske samanhengar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske matematikk og løyse matematiske problem gjennom å vere kreative, resonnere og reflektere. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programmering og talforståing. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å utforske ulike representasjonar og problemløysingsstrategiar og i å argumentere med matematiske omgrep.